Nesten nyttårsbarn i 1927 kom Olga til verda og voks opp i Fana innerst i Fanafjorden. Faren var maskinist i kystforsvaret og mora var heimeverande. Ho hadde to sysken, tvillingar, ein bror som døydde tidleg og ei syster som framleis lever og bur i nærleiken. Olga var eldstejenta. Ho meiner sjølv at å veksa opp på Fana mellom to store industribedrifter, Rosendal spinneri (fiskeutstyr) og Konow Mølle (mjøl) har sett sine spor, i alle fall på språket. Abeidarar både frå nært og fjernt gjorde sitt til at ho ikkje snakkar Fana-stril, men meir gate-bymål.

- Men eg skriv nynorsk, seier ho og ler litt. 
- Trur det ligg i gena at eg er nynorskmenneske og organisasjonsmenneske, har i alle fall fått det inn med morsmjølka. Alt det bunadsarbeidet eg arbeider med, ville eg ikkje ha drøymt om at eg skulle skriva om på bokmål, det passar liksom ikkje, seier ho ettertenksamt. Familien hennar har alltid vore sterkt knytt til song, folkemusikk, folkedans og felespel. 

- Eg er vel det dei kalla frilynt!
Etter folkeskulen og to år på realskule, gjekk ho tre år på realfaglina på gymnaset. Noko språkmenneske er Olga Marie ikkje, men 100 prosent realist. Så var det eit halvår på husmorskule. Det var mest obligatorisk på den tida. Ut i arbeidslivet var ho tidleg. Medan ho gjekk på skulen arbeidde ho på gard kvar sommar og i feriar og etterpå var det litt husmorvikar- og gardsarbeid.

- Gardsarbeidet var moro, for der var det alltid mange andre ungdomar også som arbeidde og vi hadde mykje moro i lag. Folkedansen har eg hatt med meg heilt sidan eg gjekk i speidaren som 11 åring. Nokon av desse songdansane har fylgt meg heile livet og «Å vesle lerka» var den finaste ut av dei alle, seier ho og smiler lurt.

Leik song og dans

- Under krigen gjekk eg i Logen på Skeie (nabogrenda) og der dansa og song vi. Det vart oppretta «Fylgjesvein-byråd», jentene skulle alltid fylgjast heim av gutar. Dette gjorde at foreldra våre følte at vi var trygge der. Etter krigen kunne lag og organisasjonar starta oppatt og vegen til ungdomshuset oppe i Volladalen var kort, «for eg gjekk jo der eg kunne dansa!». 
Truleg var det her ho møtte han Norvald som ho gifta seg med i 1949. Norvald var også frå Fana og hadde dei same interessene for leik, song og dans, så Fana ungdomslag vart tilhaldsstaden i fritida for begge. Eit par år i Ølve som nygift gardakone har ho også prøvd, men dei flytte tilbake til Fana, bygde seg hus med utsikt over Fanafjorden og Norvald skaffa seg anna jobb. 

- No kom eg også nærmare ungdomshuset att! tilføyer ho raskt.

Så var det tid for tre jenter på fire år, Magni, Åse og  Eldbjørg. Olga fekk meir enn nok å hanga fingrane i heime. Ho drog tidleg med seg jentene i ungdomshuset, så dei har også vakse opp med mykje song og dans, og har sett verdien av å ha ei mor som kunne sy og ordna det meste ut av lite. Olga har alltid vore oppteken av korleis ting vart til og sans for små detaljar. Dei store oversiktane er fyrst i dei seinare åra at ho har interessert seg for. Ho les mykje faglitteratur for å finna ut om ting og har tileigna seg kunnskap ved å studera teknikkar sjølv. Også ved å prata med eldre folk og innhenta historie frå dei, har ho lært mykje. Ho fekk god tid til dette i ein periode etter at ho fekk ungane, for ho vart kronisk sjuk ein periode og låg mykje. Tida nytta ho til både å teikna, skriva og lesa.

Motstandar av «rett og galt» og uniformering av bunadene

Fyrste kurset i bunadsying gjekk ho på hjå Vestlandske Husflidslag nede i byen og læraren var Marta Omvik. 

- Det var eit kjempebra kurs. Marta var ei flink dame som hadde sansen for tradisjon. Det er takka vere henne at eg fekk denne interessa for å sjå tilbake på det som hadde vore tradisjon. 

Ho laga eit lite bunadsliv, skjorte med enkel uttrekkssaum, plissert stakk og perlebrystduk til eldstejenta, som då var 6 år. Dette gav meirsmak. Så tok ho eit nytt kurs her ute i Fana litt seinare, men var meir skeptisk til læraren sin måte å undervisa på. Det var meir «rett og galt» og uniformering av bunaden dei lærde. Læraren skjønte at ho var litt meir interessert enn dei andre kursdel-takarane, så ho fekk litt spesialundervisning, trur ho, for ho fekk bruka litt andre mønster og malar enn dei andre. Ho lagde bunadsliv til den andre jenta si her. Mønster laga ho i papir fyrst, og sydde og feila til det vart rett, før ho torde å klippa i stoffet. Ho lærde å handplissera ein strilastakk, strikka sokkar til bunaden og brodera sokkeband til kvinnebunaden. Dette har ho bygd vidare på seinare med at ho hadde aktivitetsstove for tenåringar, 12 år gamle gutar og jenter, heime i si eiga stove. Gutane sydde bukseselar og jentene skjortesaum i treknutesaum og perlebelte. Arbeidsstova vart flytta til skulen og utvikla seg seinare til det som vi i dag kallar bunadskurs i ungdomslaget. 

Ein måte som ho innhenta seg kunnskap om folkedrakta og bruken på, var når ho måtte hjelpa til å servera kaffi til konelag og misjonsforeiningsmøte som mora hadde. Her gjekk diskusjonen livleg til tider om aktuelle saker og meiningar som ofte var spennande for ei ungjente. Tema  som den nasjonale kledebunaden i raudt liv, kvit skjorte og blå kvarekant på stakken, var ein spanande diskusjon å høyra på. Ungdomen ville ha desse nasjonalfargane og presten støtta det, men dei gamle meinte ofte at det var å vannvøra flagget vårt, dei ville ha grøn kvare på stakken. «Eg flaggar ikkje med kleda,» kunne nokon seia. Olga har alltid fylgt det som var tradisjon, ho er ikkje A4. Ho set spørsmålsteikn ved at noko skal vera rett og noko galt. Ho har alltid vore i kontakt med folk som har levd med uavbroten drakttradisjon. Klede skal ikkje vera vonde å gå med, då er det noko feil med snitt eller konstruksjonen. Ho har sjølv brukt mest heimesydde kle og lite kjøpekle både i oppveksten og i vaksen alder. Registreringsarbeid har det seinare vorte mykje av.  Ho lånte gamle plagg for å skriva ned korleis dei var laga og tok bilde. På arbeidsrommet står det perm på perm i rekke og stablar med ulikt registreringsarbeid. Ho tok datamaskina i bruk for ca 10 år sida, og har god hjelp av den.

Foto : Solveig Hisdal (hovedfoto), Torild Finsrud Velure
Foto : Solveig Hisdal (hovedfoto), Torild Finsrud Velure

En del av Olga Maries samling av gamle perlebringedukar, eller har hun selv sydd disse?

Foto : Solveig Hisdal (hovedfoto), Torild Finsrud Velure

Eksempel på perlebroderi som Olga Marie lærer burt på kursa ho held.

Registreringar og dokumentasjon blir til bøker og hefter om drakttradisjonen i Fana

I dag kan ho sjå tilbake på ei lang rekkje bøker og hefter som ho har vore med og gitt ut eller gitt ut åleine. Det starta med boka «Bunader frå Hordaland» som kom ut i 1987. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom mange lag og organisasjonar i Hordaland som arbeidde med bunader. Olga sat i Bunadsnemnda i Hordaland Ungdoms-lag og her møtte ho att Marta Omvik, som ho hadde gått fyrste bunadskurset hjå. 

Det var eit stort arbeid som vart utført med alle dei registreringane dei gjorde i samband med innsamling av materialet til denne boka. Alt slags dokumentasjon over folkedrakter og bunader som dei kom over, vart registrert. Olga hadde registrert ca 300 gjenstandar før ho tok fatt på dette arbeidet, så ho fekk i oppgåve å læra andre opp til å registrera og reiste rundt i nesten alle kommunane i fylket. Ho heldt mange foredrag og kurs i registreringsarbeid. Litt reisestøtte fekk ho gjennom Folkeakademiet i fylket, men det meste av dette arbeidet var også ulønna.

Fana Husflidslag inviterte ho på eit medlemsmøte for å halda foredrag om Fanatrøyene ein gong på våren i 1991. Dette førte til at ho også sa ja til å vera leiar for ein studiering som skulle registrera Fanatrøyer. I saman med fem andre husflidsdamer arbeidde ho i denne studieringen fram til 1998. Dei avslutta med at boka «Fanatrøyer» vart gitt ut. Fleire utstillingar og foredrag var ho med på i denne tida. Fanatrøyene er og har vore ein del av folkedrakta i Fana og denne boka er difor til interesse både for dei som er interessert i strikking og i kulturhistorie. 

Nokre bunadsinteresserte sette ned ei bunadsgruppe i Fana Ungdomslag, som skulle arbeida meir med Fanabunaden både til kvinne og mann. Her var Olga ein sjølvsagt person. Dei har arbeidd systematisk med dei bunadsplagga som dei var minst kjent med. Registreringsarbeid med nedskriving og fotografering fyrst, for deretter å samla deler av det i små hefter. Ho har laga hefte om: «Manns-bunaden i Fana», «På kyrkjeveg i kyrkje-kler», i samband med at Fana kyrkje var 850 år, «Bondebryllaup i Fana», «Fanabunaden sine skjorter for kvinner» og «Fanabunaden sine skjorter for menn». Nokon av hefta er i samarbeid med bunadsgruppa. Utallige timar er lagt ned i dette arbeidet og for Olga sin del er vel 99 prosent av arbeidet idealisme.

Kurs i perlearbeide

- Det er lettare å læra av det som du ikkje er fornøgd med, enn det du er fornøgd med, seier ho og pekar på ein av dei fyrste perlebringedukane ho har laga. 

Ja, for no er det hefte om perlearbeid som ho arbeider med.
- Det snurrige er at eg eigentleg aldri har likt perler, men eg driv og har kurs i perle-arbeid no, for at ikkje teknikken skal forsvinna. Samtidig så lagar eg eit hefte om teknikken som kan brukast på seinare kurs.

Perlehuer og bringestykke til oldedåpsbarna», har ho laga i denne samanhengen.

Ord og nemningar for folkedrakta i Fana samlast mellom to permer

Endå eit manus ligg snart klart for trykk. Dette er ei ordliste om «Ord og nemningar for folkedrakta i Fana». Det skal vera teikningar til dei fleste orda, så her er det mykje arbeid nedlagt. Litt datahjelp til teikninga må ho ha, men ho har teikna for hand fyrst, slik at det er lett å forstå for den som skal teikna det på data til ho. Mykje av den tidlegare handlingsborne kunnskapen prøver ho å ta vare på med dette heftet. For den vanlege Fanabuar er nok dei fleste av desse orda ukjende. Då er det flott at det er nokon som ser verdien av å ta vare på orda og nemningane og forklara dei både med tekst og bilde for at ein skal skjøna kva det tyder.

Ettertrakta rådgjevar, forelesar og puslebestemor

På 1990-talet vart Olga oppnemnt av fylket til å sitja i prøvenemnda for bunadsfaget. Ho syntest sjølv ho var litt for gamal, men fekk til svar, at dersom ho ynskte å ha noko påverknad på nemnda sitt arbeid, så burde ho svara ja til å vera med. Og det gjorde ho og sat i nemnda i 4 år. Forelesar på faget «Drakt og samfunn» på Vestnorsk Kultur-akademi på Voss, har ho óg vore.

Vi vert fleire gongar avbroten av telefonringing. 

- Hallo det er bunadskonsulenten Olga!   

Nei, ho seier det ikkje, men kunne godt ha gjort det, for alle telefonane var frå personar med bunadsrelaterte spørsmål. Og det var nok ikkje berre denne dagen at telefonen ringde med slike spørsmål. Seinare på dagen skal ho av å halda perlekurs. Ei aktiv og uthaldande dame, trass alder. Eg har sjølv vore ein av dei som måtta bede om at vi må ta kveld, for at eg vart trøytt, men Olga var då den siste som kunne tenkja seg å avslutta.

Olga er både bestemor til 5 og oldemor til 4, men sidan jentene hennar busette seg så langt vekke; Finnmark, Aust Agder og Osterøy, så har ho mest berre vore «feriebestemor» som ho kallar det, men når ho møtte barnebarna hadde ho alltid ein aktivitet å finna på med dei. Ho hermar etter eit barnebarn: 

- Du bestemor, kva skal vi pusle med denne gongen? 
Og det var alltid noko nytt å læra frå seg. Det er vel unødvendig å fortelja at alle barn og barnebarn har fått seg bunad, og dåps-oldebarna er heller ikkje gløymde i så måte.

Foto : Solveig Hisdal (hovedfoto), Torild Finsrud Velure

Olga går ofte i bunad eller folkedraktkler, som ho likar å kalla det, og då alltid med skaut. Berre ein gong hugsar ho at ho hadde teke skautet av seg ei 17. mai. Ho var heime for å laga middag, men skulle bort att på skulen og dansa med ungdomslaget etterpå, og let difor vera å ta på att skautet. Ho møtte ein nabo på vegen tilbake, som spurte kvifor ho kom utan skaut. Ho fortalte at ho berre skulle bort og dansa.

Foto : Solveig Hisdal

Å gå med skaut har vore heilt naturleg for meg. Svigermor sa at eg måtte læra å setja det opp eller «bitta» på skautet sjølv med det same eg vart gift, for elles vart det ikkje brukt, sier Olga Marie. Vi kan sjå at ho kan kunsten å bitte på Fanaskautet.

Organisasjonsmennesket Olga Marie

Den lokale kulturen har vore bindeleddet hennar til dei ulike organisasjonane i bydelen Fana. Ho er medlem av ungdomslaget, husflidslaget, mållaget og historielaget. Ivaretaking og vidareformidling av både kulturhistorie og teknikkar er ein stor del av livet til Olga. «Eg rodde meg ut ....» er eit arbeidshefte med smakebitar på sjøbrukskulturen på 1900 -1930 talet. Tradisjonsmaterialet er henta frå kystområda frå Milde til Søreide i tidlegare Fana Kommune (no Bergen). Dette er eit skuleopplegg som ho har brukt i skular i Fana og må vera eit kjempeopplegg for dagens Kulturelle skulesekk. Sjøen har ho vokse opp med og den er framleis kjær for ho. Stolt fortel ho at ho har teke båtførarbevis og var ofte på sjøen og fiska heilt til for få år sida. Eg har ikkje bilsertifikat, så eg køyrer kollektivt.

Skautet - ein heilt naturleg del av bunaden

Olga går ofte i bunad eller folkedraktkler, som ho likar å kalla det, og då alltid med skaut. Berre ein gong hugsar ho at ho hadde teke skautet av seg ei 17. mai. Ho var heime for å laga middag, men skulle bort att på skulen og dansa med ungdomslaget etterpå, og let difor vera å ta på att skautet. Ho møtte ein nabo på vegen tilbake, som spurte kvifor ho kom utan skaut. Ho fortalte at ho berre skulle bort og dansa. Han svara: 

- Kva slags karar dansar du med? (som ikkje tek omsyn til skautet) 
- Å gå med skaut har vore heilt naturleg for meg. Svigermor sa at eg måtte læra å setja det opp eller «bitta» på skautet sjølv med det same eg vart gift, for elles vart det ikkje brukt.

Fleire kurs har ho også hatt i saman med andre, i å sy skaut, valk, det som skautet er bunde rundt og å setja skautet opp.

Olga har ei stor kontaktflate og masse venner. I ungdomslaget har ho vore med på fleire kurs i inn- og utland. Turar med laget har det også vorte. Igjen kjem ho inn på kor kjekt det har vore med mykje song og dans. Mange kan vera misunnelege når dei ser på kor lett på fot Olga er når ho dansar og ho er ikkje den som sit over ein dans. Ho har vore enkje i mange år så ho har ikkje fast dansepartnar lenger, men er gjerne «dansekavaler» for andre enkjer.

Heidra tradisjonsformidlar

Heiderlagsmedlem er ho i mange lag, men Olga var nesten 70 år før ho fekk sin fyrste utmerking for sitt kulturarbeid. Det var Fana Sparebank som gav sin kulturprisen til ho i 1997 og kanskje var det dette som gjorde at ho vart lagt merke til av andre enn sine eigne. For i 2000 vart ho overrekt Kongens Fortenestemedalje i sølv for arbeidet sitt. Dette var ein stor dag som vart høgtidleg markert på Hordamuseet i Fana, som er meir å rekna som Olga sin andre heim. 

I 2005 fekk ho Fana og Ytrebygda sin kulturpris og i 2006 fekk ho som fyrstemann tildelt Hordaland Fylkes Kulturarbeiderpris på kr. 30.000,-.

- Det var ei stor overrasking og ikkje minst gledeleg, seier ho smilande.
- Alt arbeidet eg har drive med, har gitt meg mykje lærdom og glede, men lite klingande mynt i kassa, men det er blitt ein livsstil det og!

- Er det noko vi har gløymt å nemna no? spør eg. 
- Ja, hagen og potteplantane mine, kjem det kjapt frå Olga. Og det er sant at det trengs å nemna. Det er alltid fullt inne i stova av blomstrande kaktusar og amaryllis, overvintrande hagepetunia og fuksia og begonia til spiring på våren. Hagen er stor og med masse blomar. Sommarblomane vert sådd inne på våren og dyrka fram sjølv. 

- Det kjekkaste er å få gamle plantar som nesten er døde til å overvintre og så sjå at dei spirer og får blom på seg igjen.

Når det er lite blomar både inne og ute, så lagar ho papirblomar av kreppapir. Nydelege små bukettar står på hylla.

Olga er med andre ord eit menneske med meiningar om det meste og «har laga litt røre av og til», som ho seier. 

- Kultur, økonomi, religion, politikk og historie får ein kjennskap til ved å arbeida med bunad. Og det er viktig å registrera at gamle kler ikkje berre er motekler, men kan ha sterk påverknad av økonomi og politikk blant anna, påpeikar Olga Marie. 

- Fantasien måtte eg bruka, for å hevda meg, om økonomien var dårleg, minnest ho, og det har ho nok rett i.

-Vi kunne halde på lenge, men «set punktum no», avsluttar Olga!