Magasinet BUNAD
Anne Arntsdotter Lundskins dåpskjole
Kjolen skal etter tradisjonen ha vore brurkjolen til Marie Holmen frå Midt-Holmen,
Vuku i Verdalen som vart omsydd til dåpskjole. Marie var fødd i 1779 og
døydde i 1847. Når Marie gifte seg veit vi ikkje, men første barnet
Anne Arntsdtr. Lundskin vart døpt i 1802. Truleg er dåpskjolen frå 1802. Kjolen har seinare gått i arv
med døtrene og gjennom giftemål vandra
mellom ulike gardar i Verdal og Frol
i Levanger kommune.
Tekst: Berit Bjerkem    Foto: Heidi Fossnes

Tradisjon, tru og overtru ved fødsel og dåp har vore sterkt forankra hos folk i Nord-Trønelag også. Slik har skoleinspektør Johannes Dahl skrive i Årbok for Verdal historielag for 1953: «Folk i gammal tid hadde stor age for at born ikkje måtte døy før dei var døypt. Døydde dei utan å vera døypt, trudde dei at dei gjekk fortapt. Dei som budde avsides og serleg på vintertida hadde vanskeleg for å koma fram til kyrkja med småborn, sytte for å få dei døypt heime. Sidan når det vart lageleg ver og føre, for dei til kyrkja med dei for å få dåpen stadfesta. Slik var det i Vera før det vart kapell og regelmessige gudstenester der. Det var gjerne læraren i krinsen som utførde dåpen, men var ikkje han til stades, og det stod om livet, kunne kven som helst gjera det etter ritualet som stod i salmeboka.»

Les hele artikkelen i Magasinet BUNAD nr. 3-2009. Du kan bestille bladet ved å klikke her...

Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...