Tekst og foto: Helga Reidun B. Nesset
Slik opplevde Nicolai Ramm Østgaard dåpshandlinga i Tynset kyrkje ca 1825. Ein må ofte undre seg over funn av lange, vevde band med mønster. Slike band finn ein både i museumssamlinger og i privat eige. Dei er både breie og smale. Og når banda er tre til fire meter lange, har fine mønster og ofte initialer og årstal, må dei ha ein bestemt funksjon? Det vil denne artikkelen prøve å gje svar på.
Spebarnet blir reiva
Den gamle måten å kle på spebarna var å reive dei, kle dei i firkanta tøystykker av ulik kvalitet. Deretter vart dei vikla inn med eit breidt reiveband. Slik fortel vår informant om påkledning av spebarn på slutten av 1800- og begynnelsen av 1900-talet:
«Først tok de på skjorte og trøie. Så navlebåndet, som ble tatt rundt og knytt oppå maven. Så en tynn klut som ble lagt under «rumpa», og tatt opp igjen mellom bena. En liten fotklut av linstoff bruktes på spebarn. Så kom kladden. Det var et stykke tjukt stoff, som ble lagt under enden, og brettet foran. Kladden nådde ned til bena. Den trakk opp vannet, samtidig var det varmt. Fotkluten var av ull, og den ble lagt utenpå kladden. Så ble barnet linned med en barnelinne. Utenpå der ble lagt en Bløye, og linned med et smalere band. Bløyebandet».
Reivebandet (bånlinne) vart på 17- og 1800-talet vevd på bandgrind. Alt da var dette ein gamal produksjonsmetode. Dei fine mønstera får ein ved å plukke opp dei raude trådene på ein bestemt måte. Dette blir kalla bregding. Ein skiller mellom mønsterband, der ein tråd plukkes opp om gongen, og parband der mønsteret kjem fram ved at to og to tråder plukkes opp samtidig.
Reivebanda er tre til fire meter lange og ca fem cm breie.
Les hele artikkelen i Magasinet BUNAD nr. 3-2009. Du kan bestille bladet ved å klikke her...
Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...