|
Kruna: Eventyrlig brudestas fra Voss Ved vårt besøk hos Voss Folkemuseum kunne vi rett og slett ikke gå forbi den vakre vossebrura, der hun fra sin glassmonter, stolt og taus, vokter over museets utstillingslokaler. Vi fikk tillatelse til å gi henne en liten luftetur og lot henne få skue utover dalen fra Mølstertunet for en stakket stund...
Tekst: Heidi Fossnes
Foto: Eva Brænd Brurekrunene på Voss I artikkelen til Eirik Røthe, «Brurekrunene på Voss» som han skrev i bygdeboka «Gamalt frå Voss» forteller han blant annet dette om det fantastiske hodeplagget: -Rette nemninga på ei vossekrune er i grunnen lad. Lad kjenner me att i det gamal-norske ordet hlad, og tyder noko som er lødd oppå einannan eller attmed einannan, som til dømes murlad eller vedlad. Hovudlad (diadem) tyder eit pynteband om hovudet som er pålagd småsylv og perler. Ladet er flatvore, men forma kan vera nokso ulik i dei ulike landsdelar. Lad er i bruk i Telemark, Setesdal og på Voss. Ei krune er derimot heilrend av sylv, og har form som ei omvendt, avskoren kjegle. Utforminga i detaljar er elles mange. Den er laga av fleire deler og lodda saman til ei fast eining. Ei krune kan ogso vera laga av ty og perlebrodert. Vi skal her holde oss til benevnelsen krune, som er det vossingene selv bruker. I sin bok «Lad og krone, frå jente til brur.» forteller Aagot Noss følgende om Vossekrunas beskaffenhet: - Krona er ein valk prydd på ladvis. Det er med andre ord eit lad. Sjølve valken er av same type som valken bruka til konehovudbunaden skaut. Valken er laga av til dømes halm- eller stråfletter. Han er trekt med skinn og fora med raudt ullty. Til oversida er det festa eit raudt stykke ullty, anten med perleprydnad, eller det er ein kombinasjon av perle- og sølvprydnader. Perleprydnaden er trædd i mønster i farga glas- og stavperler, motiva er i dei fleste høve heile eller halve åttebladroser. Langs ytterkanten på valken sit ei rad store, farga glasperler. Fleire av kronene har ei rad hjarteforma spenne med filigransroser festa til undersida, likeins til stuttsidene og bakkanten. Prydnadene heng laust ned. Eit band av raudt ullty med perletrædd mønster påsett eit par øyreklaffar med borespenne er festa til framkanten på valken. Bandet ligg over panna og går over øyro når krona er påkledd. Hakebandet, eit band med perletrædd mønster, er festa i høgre sida. Det er to eller tre par knyteband, eit par til å knyte under haka, to par til å knyte under håret bak. Eit par øyrnadalarar, det er hjarteforma spenne med filigransroser, farga glassteinar og skållauv, høyrer med. Aagot Noss forteller videre at brudekronene var hjemmelaget, og at det var kvinnearbeid. Perlepynten trædde de selv, men sølvpynten var det sølvsmeden som lagde. Les meir om brurekrunene på Voss i Magasinet BUNAD nr. 1-06. Du kan bestille bladet ved å klikke her ... |
|





