Magasinet BUNAD
Eit liv for folkekultur

«Ja, det er Egil Bakka… intervju… nei, det blir nok vanskeleg no, eg sit på Kastrup.»
Å få til eit intervju med ein så travel person som Egil Bakka er ikkje enkelt ... Første gong BUNAD forsøkte å få tak i han var han på veg til Tyrkia til dommargjerning på ein folkedansfestival. Det var andre gongen i år han var i Tyrkia. Første gong heldt han forelesning på universitetet i Izmir, akkurat som han tidlegare i år også har halde forelesningar på universitet i England og Frankrike.
Da han så kom tilbake frå Tyrkia, var han berre heimom som snarast før vegen vart sett til Sheffield og konferanse i ITCM – International Council of Traditional Music der han har sete i styret sidan 1999.

Tekst: Johan Einar Bjerkem  Foto: Privat

Den travle styreleiaren i Bunad- og folkedraktrådet ligg ikkje akkurat på latsida. Når vi omsider får tak i han ei veke før deadline har han så vidt tid til å setje av ein time til intervju – men om eg skal kome på dagtid må det bli ein lang lønsjpause, må vite.

Til avtalt tid møtest vi i kantina på NTNU på Dragvoll der Egil Bakka er professor i dansevitskap ved Institutt for musikk i tillegg til å vere førsteamanuensis og dagleg leiar ved Rådet for folkemusikk og folkedans – Rff-sentret. Eit slags søskenbarn av Bunad- og folkedraktrådet i Valdres.

Han opnar matpakka si og eg fyrer laus:
- Kva er det som driv deg til alt dette arbeidet?

- Ja… den lange mannen dreg litt på det og ser litt brydd ned i bordet: Det må vel vere ei langvarig interesse og lidenskap for folkekulturen, kjem det etter litt nøling. Men så får han blod på tann og ser opp mellom munnfullane frå matpakken: - Det har vel kanskje å gjere med at heilt frå eg var ung har eg opplevd ei glede ved det å danse. Når eg så opplevde slik glede, fekk eg lyst til også å gå lengre inn i stoffet. Eg ville finne ut meir om bakgrunnen og kulturen i tillegg til berre å danse. Det førte meg i sin tur også over til å bli opptatt av andre folkekulturelle uttrykk, som for eksempel bunadarbeid.

Den elles så forsiktige mannen begynner å gløde:
- Både bunadarbeid og arbeid med folkedans har det til felles at det er viktig! Viktig fordi denne tradisjonskulturen ber med seg kulturytringar som ein utøvar har glede av. Men det er jo ikkje nok med det – i ordet folkekultur ligg at dette er kulturytringar som mange har glede av – store grupper! Når nokon finn meining og glede i å utøve desse tradisjonsrike kulturytringane vil det vere naturleg for mange at ein tar vare på det og fører dei vidare.

Les resten av intervjuet med Egil Bakka i Magasinet BUNAD nr. 2/05.
Du kan bestille bladet ved å
klikke her ...



<br><i>Egil Bakka, professor i dansevitskap ved Institutt for musikk NTNU</i>
Egil Bakka, professor i dansevitskap ved Institutt for musikk NTNU