Hestan kjem!
Om fórbondsreiser til Rørosmartnan

Opninga av Rørosmartan tredje tysdag i februar blir helde i si tradisjonelle form, med polsdans og hestføljer som kjem køyrande inn over Malmplassen. Dette skue gjev eit usletteleg inntrykk hos publikum. Redaksjonen fekk oppleve opninga av Martnan sist vinter, med alle dei flotte hestene og kjørarane kledd i mudder og skinnluer. Lasskøyrartradisjon er gamal og vart teke oppatt for 26 år sidan
Tekst: Helga Reidun B. Nesset  Foto: Eva Brænd

Opninga av Rørosmartan tredje tysdag i februar blir helde i si tradisjonelle form, med polsdans og hestføljer som kjem køyrande inn over Malmplassen. Dette skue gjev eit usletteleg inntrykk hos publikum. Redaksjonen fekk oppleve opninga av Martnan sist vinter, med alle dei flotte hestene og kjørarane kledd i mudder og skinnluer. Lasskøyrartradisjon er gamal og vart teke oppatt for 26 år sidan.

Røros bergstad utvikla seg tidleg til å bli eit sentrum for handel og varebytte. Alt frå slutten av 1600-talet vart varer frakta hit med hest og slede vinterstid, for provianthuset på Røros var avhengig av å få matvarer utafrå. Her møttes folk frå mange distrikt, og møtet førte til ein utstrakt handel og varebytte. Hit kom hedemarkingar og gudbrandsdøler med korn og mjøl. I Bergstaden trefte dei gauldalingane som førte med seg sild frå Trondheim, og selbyggene hadde med kvernsteiner. Handel av hest foregjekk i stor stil. Frå Gauldalen, Selbu og Dovre kom det hester som like gjerne fann kjøparar i Sverige. Det vart handla med sauskinn, kjøtt, flesk og ull. Handverkarar frå Toten selde karder og hekter. Handelskarar frå Dalarna kom med jern og stål, spiker, smedarbeid, kobber- og messingvarer, og glass. Bønder frå Helsingland kom med lin og linvarer, folk frå Jemtland og Herjedalen hadde med seg smør og jern.

Denne handelstrafikken foregjekk frå etter jul til utgangen av mars, så lenge føret var godt og isen på sjøene farbar. Gjennom statlege forordninger ville dei forby den lausslepte handelen. Men forordningane vart sjeldan respektert, sjølv om det vart trua med bøter.

Dei som dreiv denne køyringa vart på svensk side kalla «fórbønder», – ei fóra på svensk er ei reise, eit lass med handelsvarer.

I eldre tid var det få vegar, derfor gjekk den meste ferdselen på vinterføre, på snø og is. Frå bygdene i Øvre Dalarna, Idre, Särna og Älvdalen, er det i året 1841 fortalt at her var ingen køyrveg, berre rideveg. Derfor vart varer frakta på vinterføre med hest og slede. Handelsmennene i Idre og Särna fekk dei fleste varane sine frå Røros.


Les resten av denne artikkelen i Magasinet BUNAD nr. 2-2007

Du kan bestille bladet ved å klikke her...

Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...