|
Hovudbunad for kvinner i Sogn I fleire hundre år var hovudbunaden sjølve grunnstamma i kledrakta. Den har sitt opphav i middelalderen og har fylgt klea gjennom skiftande tider, frå folkedrakter til bykjolar, fram til dagens bunadbrukarar. Den var meir normbunden og konservativ enn resten av klea.
Tekst: Bjørg G. Hovland Foto: Eva Brænd
Ideen med alle bunader er at dei skal vera fest- og høgtidsdrakter bygde på lokale tradisjonar. Men det er ikkje alle tradisjonar me likar like godt, difor let me vera eller erstattar det med noko anna. Hovudbunaden er i vår tid ofte offer for slik tanke og synsing; den blir ikkje brukt. Grunnen kan vera at det ikkje tykkjest kledeleg, at det er tungvint, at håret blir stygt, osv. Men like ofte er det vane og vilje, at me ikkje lenger har kunnskap. Det gjeld både håroppsetjing, saum, samansetjing og påkleding av hovudbunaden. Det blir halvgjort og lite heilskap når ikkje hovudplagget fylgjer bunaden i den tidsperioden dette høyrer i hop. Såleis bør kvinner i dag vera stolte over å bera hovudbunad, sjølv om gamle normer er i oppløysing.
Hovudbunaden var bunden til høgtidene i livet, i enkelte høve også høgtidene i året, og den var det kleplagget som synte sosial status; kven kvinna var. Fyrst og fremst om ho var ugift eller gift, om ho var enkje, «attegløyme», eller ugift mor. Konehua er det kleplagget som aldri har vore heilt ute av bruk i Sogn, om enn i forskjellige utgåver, og til kvar si tid og sin stad. I Sogn, og serleg i indre område, er det svært god dokumentasjon på korleis folk var kledde, også på hovudet. Kunstnarane som var dei fyrste reisande tidleg på 1800-talet, laga teikningar og skreiv dagbøker. Dei sikraste er J. Flintoe, J. Frick, og A.Tidemand, der Flintoe sine akvarellar blir rekna som grunnstamma. I museum og samlingar finnst ein stor del originalplagg som samsvarar med dette, men også i privat eige er det registrert fleire eksemplar. I denne artikkelen skal me sjå litt nærare på bevara, tradisjonelle hovudbunader for vaksne kvinner i Sogn, i hovudsak hundre-året mellom 1800-1900.
|
|




