Magasinet BUNAD
Konfirmanten som snøa ned
Martha heitte ho og var fødd i Vigdalen i 1857, denne karrige fjelldalen mellom Jostedalen og Dalsdalen i Luster. Dei var ti syskin på plassen i Li, men Martha og den to år eldre broren Hans, utvikla eit særs og nært syskenforhold. Mor deira var evnerik og svært flink med ymse slag lækjande planter, ein arv som Hans førde langt vidare, som lærar og sjølvlærd, framsynt og kjend naturvitskapsmann. Denne kloke og evnerike fjellmannen, har sett merke etter seg mellom anna med Vigdals-sva opp til Store Skagastølstind, og med heimen sin på Vigdalstølen, som i dag er ei av D.N.T. sine mykje nytta turisthytter. Martha var 16 år då mora døydde, og som så mange andre fekk ho tidleg ta ansvar i heimen og småsyskena på den vesle fjellgarden.
Året før vart ho konfirmert i Dale kyrkje i Luster. Vigdalen høyrde framleis til Dale sokn før nyevegen kom. På den tid skreiv ho stilen som kom på trykk:
Tekst: Martha Vigdal
Stilen stod i Austlids lesebok for folkeskulen Band 2. omkring 1920

Då eg gjekk for presten
Eg gjekk om vinteren og eg hadde fire mil å gå, to mil fram og to mil attende. Vegen var lang, men det var ikkje det verste. Det verste var at han låg over nokre nakne vinterharde heiar, so det mang ein gong stod om livet for å greia seg for ei liti jenta som eg var den gongen.

Såg det ut til regn laut eg ha truger, men var det kaldt og klårt tok eg ski. Oftast tok eg båe slaga for å vera trygg. Og einsleg var eg. Heimen min låg under blåe breen inni eit avhol. Far hadde ein stor barneflokk å syta for, og hadde ikkje råd til å leiga nokon å fylgja meg.

Ein morgon i desember gjekk far og eg frå stova klokka fem. Eg skulde sta å lesa. Far vilde fylgja meg opp på Storhaug, omlag ein fjerdings veg. Eg tok med meg lykt, ski og truger, for det drog opp svarte skyer. Var likt til det ville koma uver. Det var stupande bratt oppgjenom leia. Vegen var tillaga med trappe-steg. Men far drog meg oppetter med skistaven so det gjekk fort.

Då me kom opp på Storhaug var det sopass ljost at me fekk sløkkja lykta. Han far såg seg omkring og so sa han:

- Du får sjå å koma so tidleg som råd er i kveld, for det kjem uver, ser eg.
- Ja, lukka på ferdi då! Lat meg no berre sjå du tek deg i vare nedgjennom Likholsbrekka, at du ikkje gjer deg skade.

Eg lova det, og so gjekk me kvar vår veg. Eg kom fram til prestegarden kl 10. Kl 1 var me som regel ferdige, men denne dagen sa presten me fekk vera noko lenger. Eg hadde visst fått sloppe før, hadde eg hatt mannskap til å be om det, men det hadde eg ikkje. Ikkje kunne eg venta at presten skulle hugsa slikt sjølvmint, så mange som der var samla.


Les hele artikkelen i Magasinet BUNAD nr. 1-2011.

Du kan bestille bladet ved å klikke her...

Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...

Konfirmant1
Martha Vigdal overlevde snøstormen og ble 88 år gammel
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA
KONICA MINOLTA DIGITAL CAMERA
Disse vottene er kopier av et vottepar etter Martha Vigdal