Magasinet BUNAD
Krune og pynt
for brur i Sogn

Hovudpynten, meir enn klea, har gjennom hundreåra tydeleg synt kven som var brur. Å stå brur, å vera "dronning for ein dag", har vore draumen for dei fleste unge jenter. Ikkje nokon gong i livet er skilnaden mellom kvardag og fest/høgtid større enn når jenta blir pynta til brur!
Tekst: Bjørg G. Hovland    Foto: Eva Brænd

Tradisjonen med brurepynting er truleg like lang som giftarmålet, men korleis brura vart pynta og kledd, har endra seg fram gjennom tidene.

Medan klea skifte med motane, frå folkedrakter i lokal tradisjon til bunader og svarte kjolar, både lange og korte, så bar brura hovudpynt og det som eventuelt høyrde med, anten det var krune og sølv eller krans og slør.

Den raude brurastakken eller «bruradosi», frå det gamle folkedraktmaterialet ser ut til å ha fylgt enkelte brurekruner så lenge den heldt. Nokre sydde ny stakk. Til Asheims-sølvet frå Brekke, og kalla Bergssølvet, er den stakken som no fylgjer med sydd i 1930-åra.

Det skal ha vore to før, der den eldste var «pyntet med sølvsnorer». Den raude brura-stakken hadde forkle utanpå, og på heile 1900-talet var det oftast kvitt, påverka av moten med nasjonaldrakt. Dei eldre forklea var i andre fargar og mønster.

Då dei svarte lange kjolane kom i bruk, kunne dei hekta brurastakken utanpå kjolen på bryllaupsdagen, så kjoleskjørtet vart undedos. Andre dagen var det vanleg å bera berre kjolen, bringesølvet og konehua. På mørk kjole bruka dei ikkje forkle. 

Det var ekstra stas å vera krunebrur. Jomfru Maria var føredømet. For å stå krunebrur, skulle brura ikkje vera «besovet», for å bruka eit gamalt uttrykk.



 

 



Les meir om brurepynten i Sogn i Magasinet BUNAD nr. 2-08



Du kan bestille bladet ved å klikke her...

Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...

 

 

<br><i>Lustra-kruna er av typen «Strandebarm-krune». Kruna og sølv som høyrde med, vart kjøpt av Luster bygdekvinnelag på auksjon etter Marta Sørheim i 1982</i>
Lustra-kruna er av typen «Strandebarm-krune». Kruna og sølv som høyrde med, vart kjøpt av Luster bygdekvinnelag på auksjon etter Marta Sørheim i 1982
<br><i>Bringetekkja er ei raud smikka, festa på skuldrane og pryda med søljer i ymse storleikar</i>
Bringetekkja er ei raud smikka, festa på skuldrane og pryda med søljer i ymse storleikar
<br><i>Agnus Dei tyder Guds Lam og er ein dalar eller dåse med tredelt påheng av lauv og/eller myntar, som heng i kjede rundt halsen</i>
Agnus Dei tyder Guds Lam og er ein dalar eller dåse med tredelt påheng av lauv og/eller myntar, som heng i kjede rundt halsen