Magasinet BUNAD
Nordtrønderske moteløver
Anno 1750 - 1830
I 1992 starta Berit Bjerkem opp Nord-Trøndelag Folkedraktsaum. Interessa for folkedraktene fekk ho for alvor allereie tidleg på 80-talet.
«Då møtte eg folk som fortalde at den bunaden dei hadde, var slik mora, bestemora eller oldemora deira hadde gått kledd. Dei snakka om kletradisjonar, og viste meg kor varierte bunadene deira var,» fortel Berit.
Tekst: Heidi Fossnes  Foto: Eva Brænd

Dei snakka også om handverktradisjonar, og Berit oppdaga at i enkelte område av landet vårt var bunaden ei vidareføring av den gamle folkedraktskikken i det aktuelle området.

«Eg hadde vakse opp med diskusjonen om kva bunad i Nord-Trøndelag som var ‘godkjent’, utan å få noko nærare forklaring på dette,» seier Berit. «No vart nysgjerrigheita vekt. Kanskje det kunne vera mogeleg å finna ut korleis folk i Nord-Trøndelag hadde vore kledd tidligare?»

I 1987 tok Berit kontakt med Bunad- og folkedraktrådet på Fagernes. Der vart ho oppfordra til å gå i gang med systematisk leiting etter gamle klede i Nord-Trøndelag. På denne tida var ho formann i Nord-Trøndelag Bondekvinnelag, og Berit kom på tanken om at kanskje denne organisasjonen kunne hjelpa til i dette arbeidet. Og bondekvinnene trødde til: I juni 1988 starta dei registreringsarbeidet.

«Første registrering av gamle klede i Nord-Trøndelag skjedde i Hegra,» minnest Berit. «Så fekk vi organisert systematisk leiting og registrering i heile fylket. Etter kvart vart det ein del historielag og einskildpersonar som også kom med i registreringsarbeidet.»

Offisielt vart dette avslutta våren 1992. Ut frå dei fotograferte og oppmålte plagga som vart funne, var det draktskikken i perioden 1750-1830 som peika seg ut for Nord- Trøndelag. Etter denne perioden endra motebiletet seg, og påverknadene utanfrå vart såpass stor at dei ikkje kunne seie at det var spesielt for Nord-Trøndelag.

«Nordtrønderne vart tidleg moteløver, og tok raskt opp impulsane frå utlandet, – også i klevegen,» seier Berit. «Kleda vi fann fortel også mykje om handel, økonomi, skikk og bruk. Det er tydeleg at Nord-Trøndelag har vore eit åpent fylke med handel av blant anna fine stoff frå land i heile Europa og Austen. Kleda fortel at skulle folk pynte seg, var det viktig å ha silke, kallemank og catuner frå utlandet i plagga. Og fasongen var sterkt påverka av den rådande draktskikken i utlandet på 1700-talet.»

Når det gjeld perioden 1750-1830, er det rokokko-moten i Europa som har påverka både stoff og fasong på kleda.

Kvinnebunadane som Berit Bjerkem produserer er ein rekonstruksjon av den folkelege draktskikken i Nord-Trøndelag frå denne perioden.

Krav til rekonstruksjon
Krava som vert stilt, både frå Bunad- og folkedraktrådet og dei som arbeider med rekonstruksjon, er blant anna:
- Du må kunne dokumentera kleskikken i eit område. Kleda som skal kopierast må ha høyrt til same draktområde og tidsperiode.
- Kleda må vera vanlege for si tid; for eksempel når det gjeld stoff, pynt og fasong.
- I tillegg til klede, vert skriftleg dokumenta-sjon nytta. Skifteprotokollar og gamle akva-rellar er vanleg som slike kjelder.
- Materialet i den nye bunaden må vera så nært opp til det gamle som råd er; både kvalitetsmessig og når det gjeld fargar og fasong.
- Alle delane som har vore brukt i lag, skal takast opp att i den nye bunaden.
- Kleda skal syast på same måten som dei gamle kleda. Dette tyder at når du tar opp ein 1700-tals draktskikk, så skal den syast for hand. På denne måten vert også dei gamle handverkstradisjonane tekne opp att.
- Det bør utarbeidast variantar, slik det var på den tida kleda var i bruk. Ein rekonstruert bunad vert difor ingen uniform, men kan varierast etter kva som kan dokumenterast å ha vore i bruk og som vi i dag kan skaffe fram.

«Då det hadde kome så langt, at dei første bunadmodellane med ein del variasjonar var ferdige, vart alt det nye sendt til Bunad- og folkedraktrådet for vurdering,» fortel Berit.

Der vert det nye vurdert opp mot det gamle. Når produktet er bra nok, gir dei ei fråsegn som fortel at bunaden fyller kvalitets-krava som dei stiller. Berit Bjerkrem fekk si fråsegn 9. august 1992. Der står det mellom anna: «Modellane til kvinnebunaden frå Nord-Trøndelag er i alle delar framifrå kopiar av dei draktdelane som ligg til grunn for rekonstruksjonen. Det er når det gjeld vyrkje, snitt og saum godt samsvar mellom det gamle og det nye materialet.

Bunad- og folkedraktrådet vil rose arbeidet som er lagt ned, både iherdig registrering av gamalt drakttilfang og systematisk rekonstruksjon av ein gløymd og gøymd draktskikk.»

Produksjon av bunaden
I dag har Berit tre kvinner som syr bunader for henne på deltid. Dei har stått på saman med henne heilt frå starten i 1992. Det har også familie og andre gode støttespelarar rundt i distriktet. Dette har gjort at det har vorte ei veksande interesse for denne type bunader. Kvar vinter driv ho også kurs i bunadsying på Bunadburet.

«Då eg starta registreringa attende i 1988 var det ikkje i mine tankar at eg skulle bli bunadprodusent,» seier ho. «Men etter at den kulturhistoriske registreringa og systemati-seringa var avslutta, stod det klårt for meg at anten ville alt dette verta liggande vekkgøymt, eller så måtte eg gå i gong sjølv!»

Dette har vore ein kjempespanande prosess, men Berit legg heller ikkje skjul på at det har vore voldsomt mykje arbeid og kosta mange pengar. Samtidig har ho til tider møtt svært mykje motstand og uforstand.

«Men så har eg jo eit produkt som skal inn på ein marknad der ein finn svært mange sterke kvinner med sterke meiningar,» legg ho forsonande til.

For Berit betyr det mykje å kunne legga kunnskap til grunn for verksemda si. Ho fortel at det har vore viktig å ha eit nettverk med likesinna i andre draktdistrikt, samstundes som Bunad- og folkedraktrådet og museums-fagfolk har tydd mykje for henne.

I dag marknadsfører Berit eit kvalitetsprodukt som gir identitet til dei som kjøper bunaden, men som også er av kulturhistorisk verd for kommunane i Nord-Trøndelag. Gjennom arbeidet sitt har ho brakt til live ein del av den nordtrønderske historia som var heilt gløymt. Ho synes det er viktig å vera trygg i sin eigen kultur. For gjennom den kan det skje nyskaping og kreativitet. Dette er viktig anten det gjeld turisme eller anna kulturbasert næring.
«Vi må finna fram til det som er spesielt for oss, ikkje berre herma og kopiera det andre gjer.» fastslår ho bestemt.

Berit har utan tvil vore trufast mot desse ideala i arbeidet sitt. Sjølv omtalar ho seg som «ein såkalla kvinneleg etablerar», og framheld at utan støtte frå mannen Jakob hadde det ikkje vore mogeleg for henne å overleva.

«Når vi bruker den gamle kleskikken som bunad, blir ikkje lenger bunaden ei uniform. Dette gjer at det er veldig spanande å vera med på at folk finn fram til dei stoff- og fargekombinasjonane som kler kvar enkelt best. Bunaden er jo eit festplagg og då er det flott å sjå når folk, etter å ha gjort mange valg, finn fram til «sin» bunadvariant. Då er det ofte som om alt fell på plass, bunaden underbyggjer personen og det er nesten så det lyser av dei!» avsluttar Berit.

Artikkelen er gjengitt i sin helhet fra Magasinet BUNAD nr. 1/05

Til livet er det mange ulike stoff og fargekvalitetar å velja mellom. Jenta til venstre har liv i mørkrosa silkedamask, mens jenta til høgre har liv i grøn ull/lin-kvalitet i damaskmønster
Til livet er det mange ulike stoff og fargekvalitetar å velja mellom. Jenta til venstre har liv i mørkrosa silkedamask, mens jenta til høgre har liv i grøn ull/lin-kvalitet i damaskmønster

Det er utarbeidd to forskjellige trøyemodellar, den eine i ulldamask og den andre i taboret, begge har linfôr
Det er utarbeidd to forskjellige trøyemodellar, den eine i ulldamask og den andre i taboret, begge har linfôr

Fingerhanskane er kopiert etter brure-hanskar frå Røyrvik. Årstalet 1817 er brodert inn med korssting
Fingerhanskane er kopiert etter brure-hanskar frå Røyrvik. Årstalet 1817 er brodert inn med korssting

Berit fortel at det er fleire ulike  liv frå den aktuelle tidsperioden. Jenta her har eit liv i nydeleg mørkrosa silkedamask
Berit fortel at det er fleire ulike liv frå den aktuelle tidsperioden. Jenta her har eit liv i nydeleg mørkrosa silkedamask

Her kan vi bruka knyteband eller mansjettknappar for å halde handlinningane saman
Her kan vi bruka knyteband eller mansjettknappar for å halde handlinningane saman

Her syner vi ein serk med djupare utringning og påsatt bomullsblonde
Her syner vi ein serk med djupare utringning og påsatt bomullsblonde

Kvinnene i Nord-Trøndelag brukte serkar, og dei var utan krage eller halslinning. Nokre av dei gamle serkane hadde blondekant langs halsopninga, nokre hadde rynkesnor, og andre hadde rund halsringning med splitt
Kvinnene i Nord-Trøndelag brukte serkar, og dei var utan krage eller halslinning. Nokre av dei gamle serkane hadde blondekant langs halsopninga, nokre hadde rynkesnor, og andre hadde rund halsringning med splitt

Lauslomma er i bomullsfløyel og silke, pynta med handlaga gull- eller sølvkniplingar
Lauslomma er i bomullsfløyel og silke, pynta med handlaga gull- eller sølvkniplingar

Rynkehuva er i svart silkesateng for gifte kvinner og i kvit bomull for jenter
Rynkehuva er i svart silkesateng for gifte kvinner og i kvit bomull for jenter

Serken kan ha kvitsaumsbroderi på skuldrene og på handlinningane, men kan også vera utan broderi
Serken kan ha kvitsaumsbroderi på skuldrene og på handlinningane, men kan også vera utan broderi

Stakken er i ulldamask i fargane blått, svart eller i grønt og blått. Det finst mange silketørkle å velja mellom, og dei kan brukast på forskjellige måtar: Det kan knytast laust i halsen, eller puttast ned i ringninga på livet, som vist her
Stakken er i ulldamask i fargane blått, svart eller i grønt og blått. Det finst mange silketørkle å velja mellom, og dei kan brukast på forskjellige måtar: Det kan knytast laust i halsen, eller puttast ned i ringninga på livet, som vist her

Astrid Andrea og Jakob Steinar på det lille, koselege kjøkenet i «Bunadburet» til Bestemor Berit. I gamle dagar brukte gjerne barna samme type klær som dei vaksne
Astrid Andrea og Jakob Steinar på det lille, koselege kjøkenet i «Bunadburet» til Bestemor Berit. I gamle dagar brukte gjerne barna samme type klær som dei vaksne