|
Den gamle klesskikken i Luster
Interessa for bunader, gamle kledrakter og tekstilar fekk ny næring då Luster Bondekvinnelag kjøpte Lustra-kruna og anna bruresølv på auksjon i Bergen i 1982. Når sølvet skulle leigast ut, burde det sjølvsagt ha fylgje av brure- og høgtidskle.
Tekst: Bjørg G. Hovland Foto: Eva Brænd
Som medlem i Luster Bondekvinnelag tok eg kontakt med Bunad- og Folkedraktrådet på Fagernes, De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum og Historisk museum i Bergen. Leiting og oppsporing av gamle kleplagg kom i gang og det pirra nysgjerrigheita! Bygdene langs Sognefjorden hadde eit svært rikt kjeldemateriale; her fanst så utruleg mykje frodig og spennande! Det vart så viktig at det kom fram og sett inn i ein historisk heilskap. Difor har eg i mange år samarbeidd med Bunad- og folkedraktrådet og samla opplysningar om eldre, lokal klesskikk. Deltaking på kurs og seminar har gjeve kunnskap om drakthistorie, tekstilar, og saumteknikkar. Denne artikkelen tek føre seg kvinnekle frå fyrste halvpart av 1800-talet, fordi ein der finn det rikaste tilfanget frå folkedraktene. Med bakgrunn i kjeldematerialet som til no er registrert, teiknar det seg eit bilete av korleis kvinnene kledde seg i eldre tid, ikkje berre i Luster, men også i dei andre bygdene i indre og midtre Sogn. Lenger ut i Sogn ser det ut til at kleskikken har vore litt annleis og minst like spennande! Vanlege kvinnekle til dagleg var serk eller skjorte, å-liv, dos (stakk, minst to,) sokkar, sokkeband og sko, men om sommaren var det vanleg å gå berrføtt. Håret var bunde opp i «rogger», og gifte kvinner bar alltid huve. Undertøy slik me kjenner det, var ukjent i denne tida. Til kvardags og i arbeid kledde dei seg i kle som var velbrukte og bøtte. Å-livet var gjerne av vadmål eller klede, utan maljer og snøring. Serken (skjorta) hadde same skurden som stas-skjorta, men ikkje så utsauma. Dosi, (stakken), var kanskje ein avdanka helgastakk. Helgekleda var nyare og finare, men ikkje så staselege som kyrkjekleda. Det var dei gjevaste. Til høgtidsklea vart ofte brukt halvskjorte istaden for heilskjorte under trøya, som for det meste var av ull. Den kunne og vera av bomull eller silke alt etter velstand og anledning. Det går fram av kjeldematerialet at jentebora og bringeduken høyrde til høgtidskleda. Å bruka trøye vil seia å vera meir oppkledd enn å gå utan. Det gjaldt både menn og kvinner. Skikken har halde seg når det gjeld mannsklea; mennene tek ikkje trøya av seg i finare lag, før det lid på. Det var høvet, og ikkje temperaturen som avgjorde om trøya skulle vera på. Til utanpåplagg for vern mot kjøld og væte vart det brukt store herdadukar eller «kabus», dvs. ein kep. Kepen var rynka til halslinningen og var hekta saman med ei spenne. Han var av randet ulltøy; svart, raudt og grønt, og fora med kvitt «eingjegna» (toskaft). Han nådde til knes på ei vaksi jenta, fortalde Kirstina Bringe i Luster. I tida før industrialiseringa, før jentene fekk gå på syskule og før kvinnene reiste nokon stad i det heile, kan ein snakka om folkedrakter, dvs. folk sine vanlege klede. Folk bestemde stort sett sjølve korleis dei skulle kle seg, men likevel var det ei rekkje uskrevne lover å ta omsyn til. Skikken omfatta ikkje berre utforminga av plagga, men også påkledninga og kva som skulle brukast ved ulike høve. Saman med heimelaga materiale brukte dei utanlandske varer. Det var gjevt med kjøpetøy! Dei same innførde stoff, band, forkle og tørkle har vore brukte i mange område av landet. Poenget er at desse tinga vart brukte i ulike samanhengar og på til dels ulike måtar. Nokre av folkedraktene er velkjende fordi bruken i desse områda har halde seg inn i dette hundreåret. (Setesdal, Hallingdal og samedraktene til dømes.) Tilsvarande lokale skikkar har me hatt i Sogn også. Folkedraktene endra seg over tid. Dei vart meir eller mindre påverka av motane, drakter frå nabobygdene, normer og ideal. Til dømes er det fortalt at då jentene la bort den tradi-sjonelle «jentebora», og istaden brukte plagg knytt under haka, vart det kalla «fenteplagg». Fantekonene brukte slikt, difor var det lite omtykt. Ord som husbunad, sengebunad, fotabunad, hovudbunad og klebunad er mest borte frå språket vårt. Det er nedkokt til omgrepet bunad: Ei drakt som kjem i tillegg til våre vanlege klede og som skil seg sterkt ut frå desse. Etter kvart har det vorte ideal for bunadene som folkedraktene aldri hadde, og meiningane er ofte sterkare enn kunnskapen. Her i Luster var det fleire store embets-mannsslekter, og det var god kontakt med Bergen. Bergen var handelsbyen for heile Vestlandet, deler av Nord-Noreg og øvre del av dalane austafjells. I Bergen sat også gullsmedane. Difor er det ikkje det minste rart at det finst same type sølje til dømes i Sunnhordland som i Jølster og same forkle i indre Sogn som i øvre Valdres. Haugianar-rørsla stod sterkt i Luster. Det var truleg ei medverkande årsak til at fargeglade klesplagg, bringedukar og blenkjande stas vart lagd vekk. Blanke knappar vart ofte erstatta med svarte. «Lesarknappar» vart dei kalla sume stader. Berre konehuva, eller «kvitahuva», fylgjer med når bymoten får innpass, og kleda misser det lokale særpreget meir og meir. Tida kring århundre-skiftet var ein tidbolk i soga vår då det var viktig å byggja opp ein nasjonal identitet. Etter kvart som folkedraktene gjekk ut av bruk, voks det fram ei bunadsrørsle som freista å ta vare på og vidareføra gamle skikkar, der deler av den lokale klestradisjonen, meir eller mindre, vart teken i bruk att. I denne tida vart kvinnedrakta i Hardanger svært populær. Ho vart etterlikna over heile landet, også her i Luster. Alle her i Sogn har nok sett foto av sine formødre i «nasjonaldrakt», anten det var på «Sogndals-skulen», på «Krokaskulen», på stølen eller i «by’n». Hulda Garborg og Klara Semb var sentrale i dette arbeidet. Sjølv om dei i denne tida var med på å forenkla og forandra folkedraktene etter sitt eige syn, har dei mykje av æra for at Noreg har ein unik bunadbruk. Den er ikkje berre knytt til folkedansrørsla, men har vorte høgtidsplagg ved festlege samkomer, også galla.
Utfrå dei registreringar og granskingar som til no kan dokumenterast, ser det ut til at klesskikken i indre og midtre Sogn har vore mykje lik. Av kjeldemateriale som til no ligg føre, er det aller meste frå fyrste del av 1800, og Luster er godt representert. Difor er det naturleg å rekonstruera plagg frå denne perioden. Tidstypiske trekk er høgt liv, høg krage og krokerme, dvs. to-saumserme med form etter armen, breie og side forkle. Tenk på Eidsvoll-mennene sine klesdrakter i høve til våre trøyer frå same tid. Det var oftast offiserar og soldatar som formidla «motetrend», som etter kvart vart teken opp i den lokale draktskikken.
Døme på dette er Johannes Flintoe sitt besøk på Optun i 1822, der han teikna dottera på garden, Anne. Etter mange overtalingar og til slutt ei godtgjersle av eit par små spenner, får han teikna henne i full kyrkjestas. Ho tykte vel det var noko til fånyttes å stella seg til slik: «Me ha’kje noko stas me som bur oppunde tindadn», sa ho. Fire år seinare er Flintoe attende i Kroken, og no er J. C. Dahl med. Frå denne turen skal me merka oss det vesle maleriet: Tre kvinner i bunad, Kroken 1826. Dei gifte kvinnene bar alltid kvit hue. Til stas med kniplingkant og silkeplagg knytt rundt. I denne perioden, i fyrste del av 1800-talet, ser det ut til at den såkalle «henje-huva» var vanlegast. Seinare vert den stiva «hodn-huva» brukt av yngre koner, medan dei eldre framleis brukar henjehuva. Det kan vera dekning for å bruka båe typar huve til bunad frå denne tida. Jentene hadde eit samanbretta tørkle eller ei band/perlepryda «bore» utanpå dei oppsette flettene. Slik stas fekk dei ofte til konfirmasjonen.
Kle på museum På Historisk Museum i Bergen finst «Kvinnedrakt fra Dalsbygden i Lyster». Det er rutet dos (stakk), blomstret silke-å-liv, svart vadmålstrøye og brunt/svart ullforkle. Den eldste stakken på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, er den rutete brurastakken med applikert kant. Kle i privat eige Luster og Sogn ligg såvisst ikkje etter når det gjeld gamal klekultur. Til Jostedalen kom det attende ein rik kleskatt, og denne er eit sjeldan godt døme på korleis folk i fleire genera-sjonar har teke vare på slikt arvegods. Desse plagga og det som kan kallast «draktmetall», knappar og spenner, fell godt inn i og fyller ut det materialet som er kjent frå før.
Når ein har eit gamalt plagg i hendene, fell ein i tankar om kva som ligg bak av kunnskap, planlegging, arbeid, tolmod og flid. Det var kvinnene som hadde ansvar for linåkeren. «Lingjerdet» var gjerne ein av dei beste åkerlappane ved husa, der dei blå, lette blomane var ein fargeklatt i landskapet. Dyrking og foredling til ferdig tekstil vart utført med handemakt og ulike reiskapar. Det var svært hardt og tidkrevjande arbeid. Linplantane rykte dei opp med handa. Så vart linet røyta (råtna) og reidt i fleire operasjonar for å få ut fiberen, før spinning og veving. Då fyrst kunne det saumast til dei finaste høgtidskle. Plantesanking til leting, saueklypping, ullsortering, spinning og veving, farging, stanping og valking; alt måtte gjerast i rett tid. Kvinnene heldt seg mest heime, og det var deira ansvar at alle hadde det daglege brød og klede på kroppen. Kan me heilt fatta det ansvaret dette innebar, med store huslydar, der mest alt vart avla og tilverka heime? Kanskje fordi det er så sjølvsagt, har gamle kle vore lite påakta, sett i forhold til andre og meir vektige saker som er tekne vare på. Det kan sjå ut som at «Ola-bukse» og «T-skjorta» er vår tids folkedrakt. Desse plagga blir brukte og kasta i hopetal i vårt overflods-samfunn... Formingsfag, tolmod og flid vert lagt lite vekt på. Det blir så lite att av slikt som skal gå fort og lettvint. Når den gamle lokale draktskikken vert kartlagt, og ein freistar å ta den opp att på det grunnlaget som er nemnt her, er det med respekt og age for kvinnene før oss og kva dei kunne! Dette er ein lekk i kulturarven på lik linje med bygningar, innbu, reiskap og andre ting som har fått sin plass i soga. Når ein skal rekonstruera, må ein vera nøye med snitt og passform. Sameleis må ein få med detaljar og bruka saumteknikkar slik dei originale plagga har det. Ein kan ta opp og kopiera alle dei variasjonar det er bakgrunn for. Med respekt for eldre tiders tekstilarbeid må det leggjast vekt på godt utført saumarbeid.
Når me kler oss i bunad, kjenner me oss knytte til vårt heimeområde, og me ber den gjerne i alle festlege høve. Men me er ikkje utan vidare velkledde dersom ikkje alle deler som høyrer til er med. Bunaden må vera i skikkeleg stand, sydd av gode materialar og sitja godt. Ein bunad vil vara i mange år og ikkje bli umoderne. Det vil seia – dersom ein ikkje blandar inn «synsar» etter sitt eige hovud, for eksempel når det gjeld stakkesidd og plassering av livlinje, eller når ein legg bort hovudplagget. Held ein seg til skikken slik den var i den perioden bunaden skriv seg frå, hevar ein seg over motelunene og får ein bunad som høver til ei kvar tid.
7 vakre bunadliv i ulike stoffkvalitetar og frå ulike periodar, to av dei med valkar. To bringedukar; den eine brodert med perler, den andre med silkeapplikasjonar. Trøye og forkle i blått trykt bomullstøy, eit stølebelte, konehuver og dåpshuver. Der er også ei jentebore med gullknipling og kvite perler, samt knappar og spenner. Sist men ikkje minst; ein raud stakk med mørkblå applikasjonar og broderi med lingarn. Heile samlinga vart gitt av Margot Berge. Oldeforeldra hennar, Anders Haugen og Mari Tøgersdotter, flytte frå Jostedalen til Romsdal i 1850. Sidan har ingen av familien budd i Jostedalen. Men heldigvis hadde familien teke godt vare på draktdelene. Margot Berge overtok dei etter mor si, Maria Ananiasdotter Johansen som døydde i Bergen i 1959. Denne flotte draktsamlinga er utstilt på Breheimsenteret i Jostedalen, og den er av stor verdi for rekonstruksjonsarbeidet med kvinnebunaden i dette området.
|
|












