|
Lustra-kruna (hele artikkelen) Denne staselege brurekruna kom til Luster i 1982, takka vere to rådsnare kvinner, Luster Bondekvinnelag, Luster Sparebank og ei dyktig dame i Bergen.
Tekst: Johan B. Johnsen Kjelde: Bjørg Hovland
Foto krone og utstyr: Eva Brænd Foto brudepar: Oddleiv Apneseth Det finst fleire brurekruner i Sognebygdene, sjølv om nokre har «flytta ut» i samband med arv. Innafor Luster kommune er det fortalt om Krunesølvet i Jostedalen, Venja-kruna på Hafslo og Hengesteg-kruna i Luster, medan Walaker-kruna framleis er i privat eige i Solvorn. «I Årdal hadde bygdefolk samla inn midlar og fått laga ny brurestas som var til utleige,» fortel Bjørg Hovland. «Det hadde vore moro om vi i Luster kunne gjera det same. Hengesteg-kruna hugsa ingen kvar vart av. Siste sporet av henne er då ho vart brukt i eit bryllaup i 1905.» I 1982 fekk Ingeborg Kjørlaug og Sigrun Bringe nyss om at det skulle haldast auksjon etter avdøde Marta Sørheim i Bergen. Ho hadde drive gullsmedforretning der, og blant tinga hennar var ei fin brurekrune. Dei to kvinnene meinte at dette burde vera noko for Luster Bondekvinnelag, og ringte straks til styret. Der tente dei på ideen, og kontakta Luster Sparebank som var viljuge til å vera med på å finansiera kjøpet, dersom dette vart noko av. Diverre hadde ingen i bondekvinnelaget høve til å reisa til Bergen for å delta på auksjonen. Løysinga vart Aasta Berge, utflytta lustring som budde i Bergen. Ho vart kontakta, svara ja, tok seg fri frå jobben, troppa opp på auksjonen og baud om kapp med ein annan oppkjøpar. Ho fekk tilslaget, Luster Bondekvinnelag vart eigar av kruna, og fekk i tillegg stølebelte, bringetekkje, knappesølje, fangband og bruredalar (Agnus Dei). Ingen dårleg fangst på ein kort formiddag. «No då brurekruna var trygt i hamn, og arbeidet med å betala lånet attende til spare- Med hjelp frå Bunad og folkedraktrådet fann vi foto av ei brur frå Luster, teke av fotograf Selmer i 1872. Dette biletet syner brura ikledd mørk foldetrøye og stakk. Kunne det vera Hengesteg-kruna ho bar? Det var ikkje noko særmerkt med resten av kledningen; den kunne like gjerne koma fra aust som vest, sidan det lokale særdraget var mest borte så seint på 1800-talet. «Vi leita vidare,» fortel Bjørg. «På Bergen Museum hadde dei ei heil drakt frå ‘Dalsbygden i Lyster’. Det var rutet stakk, svart vadmålstrøye, roset liv og forkle i kjøpety. Og på Sogn Folkemuseum - De Heibergske samlinger fanst både ein rutet brurastakk og bilete av ei brur frå Lærdal i same type klede. Til saman dokumenterte dette at høgtidsdrakt vart brukt som bruredrakt i indre Sogn.» I samråd med Bunad- og folkedraktrådet, valde Luster bondekvinnelag å laga slike fest- og høgtidsklede til utleige saman med bruresølvet. Det rutete stakketøyet måtte vevast, og vevkunnige Helga Skjolden gjorde det. Dei andre delane vart sydd på dugnad. Etter kvart har det vorte mange delar og ulike storleikar. «Det er store verdiar vi forvaltar og tar vare på med dette brureutstyret.» seier Bjørg tankefullt. «Då tenkjer eg ikkje spesielt på forsikringsverdien, men fyrst og fremst på kulturen og tradisjonen i den vesle bygda vår.» Fyrste gongen bruresølvet og heile den nye drakta vart brukt var i Jostedal Kyrkje i 1990, då Anita Skaar og Lars Gardshaug gifte seg. Og sidan har utstyret vore utleigd ein rekkje gonger. Luster Bondekvinnelag vonar at det også i framtida vil vera mange som nyttar seg av slik tradisjonell brurestas.
Fakta om Lustra-kruna I seinmiddelalderen vart spesielle brure-kruner brukt i enkelte fyrstefamiliar ute i Europa. Skikken spreidde seg sakte nordover, og fyrste gongen vi høyrer om brurekrune i Noreg er i 1565; brukt av ei adeleg brur i Bergen. Kruna måtte konkurrera med brureladet, som er ein eldre type pynt (Voss og Jølster). På slutten av 1800-talet vart det ei motebylje for sølvkruner i Trøndelag og på Vestlandet, medan det andre stader i landet vart slutt med å bera krune, eller dei brukte kruner med perler, garnduskar og papirblomster. Å vera krunebrur har alltid vore sett på som noko særs gjevt. Jomfru Maria var foredømet. Kruna og sølvstasen var det som gjorde brura annleis enn dei andre. Brura skulle helst lava av sølv, og var det ikkje nok blenkjande søljer, vart det gjerne påsydd bitar av spegel som også lyste og skein. Men slik kostesam stas var det få som eigde, men mange som leigde.
|
|








