0
Layout 1
Layout 1

NYHET!
«Tradisjonen tru - Om folkedraktgranskar Aagot Noss»

Anne Lognvik:

Aagot Noss fekk ein dramatisk start på livet, og dramatikk blei det seinare i livet også. Mora døyde i barselseng, og Aagot voks opp hjå besteforeldra. Far sin hadde ho nesten ingen kontakt med. Ho var ei gåverik jente, og fekk gå på skule. Men krigen sette stoppar for ein del av skulegangen.

Klikk her for å bestille boken

«Vi liker ikke filologer» fekk Aagot høyre då ho kom som ung til Norsk Folkemuseum. Likevel blei ho der i førti år. År med glede, store oppgåver og konfliktar. Bunadsdronninga blei ho kalla. Knapt nokon har gjort så mykje for å samle og spreie kunnskap om norske folkedrakter. Boka har eit unikt bildemateriale, og speglar ein av dei store kulturpersonlegdomane i vårt land i medgang og motgang.

Anne Lognvik er journalist med nær førti år bak seg i NRK. Ho kjem frå Rauland i Telemark og har bygdebakgrunn som Aagot Noss. Gjennom sine universitetsstudium blei ho kjent med Noss som ­forelesar på etnologi. Boka byggjer på intervju med Aagot Noss, familie, kollegaer og folk som stod henne nær. Forfattaren har lagt vekt på å lage ein ærleg biografi, ikkje eit glansbilde.

Tone Oppsato frå Ål er bilderedaktør for boka. Ho har design-utdanning og har blant anna vore med på å lage bokserien Gamle Aal. Bildematerialet er skaffa frå familie og venner, tidlegare kollegaer av Noss i inn- og utland, og ein del nye foto.

 

ISBN 978-82-7099-824-1, 230 sider, innbundet
Format: 17x24 cm, vekt 0,9 kg, publiseringsår 2016, språk: nynorsk

 

Pris kr 295,- inkludert porto


Klikk her hvis du ønsker å bestille «Tradisjonen tru - Om folkedraktgranskar Aagot Noss».