Magasinet BUNAD
RYNKEHUVA - kvinnehuva i Nord-Trøndelag
på 1800-talet

Å leite etter gammel kleskikk er som å sette saman eit puslespel. Ein finn nye brikkar som ein legg i puslespelet heile tida - og til slutt får ein så mange brikkar at det blir til eit bilde. Slik er det med rynkehuva - hovudplagget som kvinnene i Nord-Trøndelag brukte utover store delar av 1800-talet. Mange eldre kvinner brukte slike huver heilt fram til 1920-åra. Enno på den tida hadde huvene ein viktig rolle som formidlar av av sosial status, først og fremst om kvinna var gift eller ugift.
Tekst: Berit Bjerkem  Foto: Eva Brænd

Når kvinnene tok til å bruke rynkehuva veit vi ikkje sikkert, men Lars Waggen  (1866 - 1917) frå Verran kommune i Nord-Trøndelag skriv i heftet sitt «Gamaltids livekaar aat Bondefolk i Inntrøndelagen fraa 1800- 1850»:

«På hovudet bruka Eli, etter at ho vart kona, ei svart øyrhuva av silke til helgabruk, og av svart lesting til kvardags. Framan huva, frå øyra ned um kjaken bruka ho kvite strimlar. Men med ho var jenta, og likeeins døtrene hennar, etter kvart dei nådde upp i 14-15 års alderen bruka kvithuvor med strimlor framfyre til stasplagg. Desse strimlane var det eit heilt bry å halda reine og vel stiva til kvar tid. Til stive bruka dei anten kjøpstive, eller også potetmjølstive, heimlaga. Elles bruka dei og turklæde yver huvorne når dei var ute og tildels i kyrkja og inne ellest og.»


Les meir om rynkehuva i Magasinet BUNAD
nr. 1-2008.

Du kan bestille bladet ved å klikke her...

Og vil du abonnere, kan du bestille dette her ...